torsdag 7. august 2008

Hus-styling i Skaret

Slik kan det gå når Tomren-Ytterlands slår seg saman om å shine huset i Skaret. Nokre melde seg frivillig til dugnad; andre blei blanda inn fordi dei var her for å lage ripsgele då "to-do-lista" vart skriven:

Kristina har dugnadsånda intakt. Ho har mellom anna måla garasje, støvsuga og klipt eføy, og fortjenar hedersomtale her på bloggen vår. Tusen takk!:)


Tallerkenhylla pg dei nydelege fata fann ej på Emanuel-loppis. Kjolen fekk ej med farmor i 2års-gåve.


Yttergangen vår var litt kjedelig med nakne, kvite veggar, så det vart totalforandring med knaggar og ei fille frå IKEA, og ei grein med knallraude rips frå hagen. Det er så in for tida med støvlar til pynt, så ej drog like godt fram mine slitte, gamle seilerstøvlar og stilte dei ut ilag med regnfrakken min. Ikkje noko Ilse Jacobsen eller Hunter her i garden:)

Kontoret vårt: Ej tok kanskje litt av her? Muligens fordi det høyrast så kjedeleg ut med kontor. Det vart i allefall ryddig med hyller frå Clas Ohlson og korger frå Åhlens. Ej og Kristina laga penne-, strikkepinne- og sakseholdarar av gamle bokser og fine papir. I vinduskarmen landa det ein raud flylampe som ej syns e veldig kul. Mi gamle lilla dukkevogn blei også parkert her inne. Pappa sin onkel Svein snikra skrivebordet på ungdomsskulen. Kontoret er også strykerommet mitt, så der duftar deilig av nystrøkne klede og lavendel, som blir tilsatt strykejernet når sengekleda vert strøkne.

Mi kjære, snille tante Turid har ein veldig fin hage. I går var ej borte med dei for å helse på lillepusen dei akkurat har fått, og gjekk derifrå med denne yndige buketten med erteblomster, og eit par flotte georginer.

Slik som yttergangen trengte gangen vår litt oppfrisking. Ej mala eit halvgamalt sminkebord i "Isvann"; ein nydeleg sjøgrøn farge, og skifta ut knottane. Stolen kjøpte ej på loppis i fjor, og puta frå Indiska passa perfekt til både stolen og sminkebordet...

... denne hylla litt lenger opp i trappegangen laga ej av drivved og hylleknektar frå Indiska. Ej blei ganske nøgd med den! Både fin og passe skeiv:)

Til slutt: Ekte Nora-ripsgele.

søndag 3. august 2008

Heregga

Heregga blei bestege fredag i forrige veke ilag med pappa, Kristina og Sindre. Idyll utan sidestykkje! Og sjølv om vi ikkje kan komme nærare Gud fysisk, verkar Han uendeleg nær på slike urøyvde og aude plassar! Herleg tur for kropp, sjel og ande!























lørdag 2. august 2008

Campingliv

Meia gubben var vekke reiste eg på campingtur ilag med søstern, mudern og fadern til Örebro. Familien Strandmann var reisefylgje i år og.

Randi et Nora Glass i kjeks.


Observert i Örebro: To unge damer med oransjt hår i full fart på oransje syklar.






Nora og Rune badar i Nora.




Campingidyll i naboteltet: Mange ting til tørk!

Bilete av naboane kan dukke opp etter kvart.

Endelig tilbake!

Nå har jeg (Randi) fått hjem gubben og PCen, så da er det bare å stålsette seg for et rush av blogginnlegg:) Kan begynne med å ta en utfordring fra Siv:

1. Hva gjorde du for 10 år siden?
Sommeren for ti år siden gikk jeg og venta på å begynne på ungdommskolen.

2. Nevn 5 ting du har/hadde på gjørelista di idag:
* male sminkebord som skal stå i gangen
* få frokostkaffibesøk av Kristina og Audun
* male garasjen (men kunne ikke pga. regn)
* henge opp bilder, tallerkenhylle, bildelister og hjemmelaget hylle
* middagsbesøk hos mamma og pappa, og få besøk av Helene

3. Snacks jeg liker:
* mørk sjokolade
* saltstenger
* frukt

4. Ting jeg vil gjøre som milliardær
* Reise rundt og hjelpe folk i nød
* Kjøpe ny pickup

5. Steder jeg har bodd:
Nordstranda og Søre Skaret:) + 3 måneder på Flekkerøya

lørdag 5. juli 2008

...

Det stende at en skal elske sine fienda, men ej tru ej hata min gamle, stasjonære PC. Treigt. So til informasjon for den som måtte vente på nye blogginnlegg fra mej, vil det drøye et par veke til, til ej fær tilgang til en litt kjappere PC. En der det faktisk ikkje teke to tima å laste opp et bilde. Amen! Det som venta dej då: Sommerfest og Loppis i Emanuel, Randi, Svein, Kristina og Audun sin Göteborgtur, og muligens et par glimt frå campinglivet:) Håpe du stikke innom igjen!